Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
34. Intet nytt fra hjemmefronten: Frå blogg til publisert forfattar
Therese G. Eide starta ein blogg etter å ha fått livet snudd på hovudet, då ho fekk tre barn på 21 månader. Det viste seg at teikningane ho la ut der, gav så mykje resonans i folk at dei ville ha meir. Fleire bøker, utallige teikneseriestriper, julehefter og barnebok har blitt resultatet til no, og fleire skal det bli. Vi snakkar om vegen frå blogg til publisert forfattar, om at familieliv ikkje er eit snevert tema, kva som er viktig for å få barn som leser og Thereses nyaste julehefte: Hjemmefronten overlever julen.
Bøker av forfattaren:
- Feltnotater fra småbarnslivet, med Heidi Bøhagen og Kristin Storrusten, 2019
- Intet nytt fra hjemmefronten, 2019
- Koronadagbøkene, 2020
- Foreldreskapet: en bruksanvisning, 2021
- Askeladdene som kappåt med trollet, 2022
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak