Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
41. Endre Ruset: Skrivinga er ein måte å finne meining på
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur. Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt.
Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på barneskulen. Lenge var det sport som var det viktigaste, men så endra det seg. Høyr han fortelje om dikta som er det einaste heilage han har, om korleis Bjørnsonfestivalen har påverka han og opplevinga av Ålesund litteraturfestival.
Bøker av Endre Ruset:
- Ribbeinas vingespenn (poesi, 2001)
- Kims lek (poesi, 2005)
- Noriaki (boksingel, 2014)
- Elsket og savnet (poesi, 2014)
- Noriaki (poesi, 2017)
- Deretter (med Harry Man, poesi 2021)
Episoden er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak