Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Drøs og poengrekning
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
Me startar i Egersund, der ting ikkje går som planlagt på Husabø – kva er det som manglar for å lukkast? Vidare hoppar vi på Vålerenga-toget som berre rullar vidare, og diskuterer kva som ligg bak den imponerande forma.
Per Tore får velfortent heider etter å ha spådd rett om at ein OBOS-ligatrenar ville miste jobben. Me analyserer korleis lynet bokstaveleg talt slo ned i Bob Bradleys menn på Bislett, og kva dette betyr for laget framover.
Til slutt snakkar vi om vår store høgdepunkt denne veka – turen til Bergen! Vi gler oss til å sjå oppgjeret mellom Åsane og Bryne, og deler våre forventingar til denne spanande kampen.
Dette og mykje meir i ei fullpakka episode av Eder & Galle!