Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Edder & Galle
Hovudstadsoppgjer, OBOS-drama og VAR-debatt.
Use Left/Right to seek, Home/End to jump to start or end. Hold shift to jump forward or backward.
I denne episoden av Eder & galle tek vi ein nærare kikk på den spennande runden i OBOS-ligaen. Ventinga er stor før det etterlengta hovudstadsoppgjeret mellom Vålerenga og Lyn på laurdag. Vi ser òg tilbake på den førre runden, der både Moss og Stabæk melder seg på i kampen om opprykk, medan Mjøndalen, Start og Åsane sikrar seg livsviktige poeng i botnstriden.
Diskusjonen går heftig om VAR har sin plass i norsk fotball – skal vi ha VAR, eller la det vere? Til slutt blir det prat om Bryne og deira posisjon i ligaen. Ein episode fylt med innsikt, engasjement og mykje fotballprat!